page view image

DØDEN I VENEZIA

Kva gjer vi når avgrunnen står og gapar rett framfor oss?

Information
event image

Verda slik me kjenner ho står og vippar. Ein kjensle av undergang snik seg inn på oss.  Men korleis påverkar det oss eigentleg? Får det oss til å handla? Kva gjer me når styrtregnet tømmer seg over oss, når menneske blir jaga på flukt, og når sanninga blir forvridd til det absurde? 

Gustav von Aschenbach i Døden i Venezia gjer som mange av oss: Han spring heim og bestiller ferie til Syden.

Den nye framsyninga til kompaniet Ymist bygger på Thomas Mann si kjende novelle frå 1912. Eit distansert tekstleg førelegg smeltar saman med eit ekspressivt koreografisk materiale og eit forførande musikalsk uttrykk. Alt med ynskje om å undersøkja eit menneske som nektar å erkjenna at døden har inntatt manesjen, og som heller rømmer inn i sjølvbedraget og begjæret.


SAMPRODUKSJON

Forfattar: Thomas Mann

Forlag: S. Fischer Verlag GmbH, Frankfurt am Main, Germany

Oversettar: Geir Pollen

Forlag i Noreg: Skald

Dramatisert av: Oda Radoor

Koreograf: Erlend Samnøen

Utøvarar: Morten Espeland, Erik Rulin, Nils Jakob Langvik

Komponist: Nils Jakob Langvik

Scenograf: Kjersti Alm Eriksen


Les meir på:

https://www.cornerstones.no/2025-sesong/d%C3%B8den-i-venezia



dramatikk bergen cornerteateret cornerteateret cornerstone

Waiver

Kjøpte billetter refunderes ikke. Takk for forståelsen!