page view image

MORGON MED LYSANDE HESTAR

Arrangementsinformasjon
event image

Om menneske som smeltar saman og fortærer einannan

I Morgon med lysande hestar møter me to unge menn som treffest tidleg ein morgon og stilt går i møte med noko nytt – noko som vil endra dei for all tid. To menn som slitest mellom ynskje om å koma nær kvarandre og å støyta kvarandre bort, mellom fortæring og einsemd. To kroppar. To individ. Men også éin omskifteleg organisme i flukt mellom menneske og natur, kropp og materie.
 

Huy Le Vo og Morten Espeland lagar saman med regissørkoreograf Erlend Samnøen eit verk som byrjar i total samansmelting av dei to kroppane på scena. To forvrengde, morkna skapningar som sakte kjem ut av mørkret – som i eit målarstykke av Francis Bacon, der det er umogeleg å skilja kvar den eine kroppen sluttar og den andre byrjar. Latent i dei begge ligg det splintra ynskje om å øydelegga einannan og bli eitt på same tid; sleppa å ha ein eigen kropp, og gjera den andre kroppen til sin eigen. Ut frå dette lagar dei ein scenisk skapnad som er sanseleg, undrande og urovekkande.

Tekstane er henta frå Båten om kvelden, Tarjei Vesaas si siste prosabok (1968). Forfattar Sara Li Stensrud har laga ein komposisjon av ulike tekststykke og -fragment frå Vesaas si bok, som alle krinsar rundt det å stå i samband med noko. Det handlar om å bryta gjennom det indre livet og strekka seg mot noko utanfor seg sjølv, anten det er eit menneske, ei myr eller framande munnar i stein. Gjennom å lytta seg inn på klangane og symbola til Vesaas, har Li Stensrud søkt å opna opp fleire av dei sterkaste og mest kroppslege motiva i Vesaas sin forfattarskap.

Les mer om forestillingen:
www.cornerstones.no/morgon


cornerstone
bergen
dramatikk
scenekunst
teater
cornerteateret

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.