page view image

INNTRENGAREN / BERGEN DRAMATIKKFESTIVAL

TOUR DE MØHLENPRIS
Det er berre deg som bur her, sant?

Informasjon
event image

Ei ung kvinne bankar på hos naboen sin og seier at ho har mista nøklane sine. Kan ho kome inn? Eit møte oppstår mellom to menneske som lever på same stad, under ulike vilkår. Noko opnar seg, og einsemda som tyngjer den eine, blir mildna av den andre. Mellom linjene i kvardagsleg prat blir sprukne relasjonar og lengt etter nærleik synleggjort. INNTRENGAREN er eit tett skrive kammerspel om to einsame sjeler i same bygard.


Stykket blir presentert som del av TOUR DE MØHLENPRIS, ei ny satsing der private heimar blir scene for ny dramatikk. Vi lagar stuntframsyningar tilpassa leilegheiter på Møhlenpris, bydelen rundt festivalens hovudarena Cornerteateret, og inviterer publikum til å vandre frå heim til heim og oppleve rykande fersk dramatikk på kloss hald.


Husreglar

Framsyninga visast i ein privat leilegheit.

Som gjestar i eit privat heim ber vi dykk om å vise stor respekt for bygget og leilegheita. Sko og våte jakker skal takast av i gangen. Det er ikkje tillate å røyke i leilegheita, i trappeoppgangen eller ved inngangspartiet. Det er viktig at alle følgjer rettleiinga frå publikumsvertane.

Merk: Framsyninga spelar i 5. etasje, og det er ikkje heis i bygget.


TOUR DE MØHLENPRIS

Tekst: Johanne Magnus

Regi: Ingrid Askvik

På scenen: Lina Taule Fjørtoft, Knut Erik Engemoen

Produksjon: Cornerstone i samarbeid med Den Nationale Scene

Varigheit: 40min


Les meir på: 

https://www.cornerstones.no/2026-bdf/inntrengaren

Les meir om Tour de Møhlenpris på:
https://www.cornerstones.no/2026-bdf/tour-de-m%C3%B8hlenpris

Les meir om festivalen på:

https://www.cornerstones.no/dramatikkfest


Kjøp billettar til festivalen på:

https://cornerstone.ticketco.events/no/nb/m

SKAL DU PÅ MEIR ENN TRE ARRANGEMENT PÅ FESTIVALEN? Då løner det seg med festivalpass! Festivalpass kostar 500 kr og gir stor rabatt på alle framsyningar og gratis tilgang til fagprogrammet. Du må framleis bestille billett til kvart einskilt arrangement. Kjøp festivalpass her:  https://cornerstone.ticketco.events/no/nb/e/festivalpass_bergen_dramatikkfestival_2026

tourdemøhlenpris bergen møhlenpris bergendramatikkfestival cornerstone cornerteateret dramatikk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje.