page view image

GITARMANNEN / BERGEN DRAMATIKKFESTIVAL

TOUR DE MØHLENPRIS
Skal nokon lykkast må vel også nokon mislykkast

Informasjon
event image

I denne særskilde versjonen av GITARMANNEN flyttar Jon Fosse sin monolog inn i ei leilegheit på Møhlenpris. Publikum kjem nær eit menneske som elles høyrer til i utkanten av blikket. Mannen fortel om livet han lever, dei han møter, og vala som førte han hit. Gjennom songar, fragment og stille observasjonar opnar det seg eit rom for spørsmål om verdi, verdigheit og tilfeldigheiter: Kva skil dei som kjem innanfor frå dei som blir ståande att utanfor? Kva liv ser vi – og kva liv går vi forbi? 

Jon Fosses skreiv i si tid GITARMANNEN til skodespelar Bjørn Willberg Andersen. Tretti år seinare har han endeleg teke teksten til scenen. Framsyninga hadde premiere hos Den Nationale Scene i vår, og spelar på Bergen Dramatikkfestival i ein versjon tilpassa TOUR DE MØHLENPRIS der private heimer blir scene for ny dramatikk. Vi lagar framsyningar tilpassa leilegheiter på Møhlenpris, bydelen rundt festivalen sin hovudarena Cornerteateret. Slik inviterer vi publikum til å vandre frå heim til heim og oppleve samtidsdramatikk på nært hald.


Husreglar

Framsyninga visast i ein privat leilegheit.

Som gjestar i eit privat heim ber vi dykk om å vise stor respekt for bygget og leilegheita. Sko og våte jakker skal takast av i gangen. Det er ikkje tillate å røyke i leilegheita, i trappeoppgangen eller ved inngangspartiet. Det er viktig at alle følgjer rettleiinga frå publikumsvertane.

Merk: Framsyninga spelar i 5. etasje, og det er ikkje heis i bygget.


TOUR DE MØHLENPRIS

Tekst: Jon Fosse

Skodespelar: Bjørn «Bamse» Willberg Andersen

Regi: Ida Høy

Produksjon: Den Nationale Scene i samarbeid med Cornerstone

Varigheit: 60 min


Les meir på: 

https://www.cornerstones.no/2026-bdf/gitarmannen

Les meir om Tour de Møhlenpris på:
https://www.cornerstones.no/2026-bdf/tour-de-m%C3%B8hlenpris

Les meir om festivalen på:

https://www.cornerstones.no/dramatikkfest


Kjøp billetter til festivalen på:

https://cornerstone.ticketco.events/no/nb/m

SKAL DU PÅ MEIR ENN TRE ARRANGEMENT PÅ FESTIVALEN? Då løner det seg med festivalpass! Festivalpass kostar 500 kr og gir stor rabatt på alle framsyningar og gratis tilgang til fagprogrammet. Du må framleis bestille billett til kvart einskilt arrangement. Kjøp festivalpass her:  https://cornerstone.ticketco.events/no/nb/e/festivalpass_bergen_dramatikkfestival_2026

tourdemøhlenpris bergen møhlenpris bergendramatikkfestival cornerstone cornerteateret dramatikk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje.